Bli medlem
Logg inn
Framsida
Artikkel-arkiv
Kalendar
Fotoalbum
Links

Gjestebok

Legg inn artikkel
Legg inn arrangement
Legg inn annonse

Tilbakemelding/tips

Om Bjoanett

Auren tilbake i Krokavatnet - Eit BBU prosjekt
Av: Gunnar Dalen  10.10.2017

Eldsjeler har lenge snakka om å få fisk tilbake i Krokavatnet på Gråhorgjo, og nå vil BBU prøva å få det til. Er du meir enn middels interessert, grunneigar eller oppteken av det gode liv? Les vidare!

Prosjekt: Auren tilbake i Krokavatnet

Bjoa Bygdeutviklingslag (BBU) er eit frittståande lag med ope medlemskap for alle som bur på Bjoa. Laget skal driva framtidsretta bygdeutvikling på Bjoa, med vekt på lønsam næringsutvikling og gode bu- og oppvekstvilkår, for å bidra til at Bjoa skal vera eit levande og attraktivt bygdesamfunn. Bygda har mange velfungerande lag og organisasjonar, og BBU skal ikkje ta over arbeidsoppgåver frå eksisterande lag, men fylla ut og samordna oppgåver som går på tvers av organisasjonsgrenser. Sidan laget blei etablert i 2000, har det initiert og samordna oppgåver i bygda av ulikt omfang. Dei største prosjekta dei siste åra har vore gatelysprosjektet fram til Bjoa Skule,”Sjå fjorden”- prosjektet langs R 543 og fornying av turhytta på Gråhorgjo.

Arbeidet er basert på dugnadsinnsats frå bygdefolket, men med kjærkomen toppfinansiering til konkrete prosjekt frå offentleg sektor (fylke / kommune) og privat sektor (Gjensidige-stiftelsen, Skånevik Ølen Kraftlag, Vindafjord Arbeidsgiverforum, SR Bank Ølen og lokalt næringsliv).

Gode bu- og oppvekstvilkår er viktige element for at Bjoa skal vera eit levande og attraktivt bygdesamfunn. Frå naturen si side er Bjoabygda velsigna både med nærleik til fjord og fjell, og med gode alternativ for eit aktivt friluftsliv. Dette prosjektet byggjer vidare på arbeidet med Gråhorghytto.

Frå gammalt av har det vore tradisjon å gå til Gråhorgjo og varden (741 moh), eller i det minste til hytta ved Krokavatnet, som ligg litt lågare. Hytta har sidan bygginga i 1944 vore eit kjærkome turmål, og hyttebøkene fortel om flittig bruk vår, sommar og haust. Hytta har hatt ein viktig funksjon for det aktive friluftslivet i Bjoa-fjellet, og BBU ser det som svært viktig at denne funksjonen vert vidareført til nye generasjonar. Etter 70 år i barsk natur var ikkje den gamle hytta lenger i brukbar stand, og det hasta å erstatta den med eit tilsvararande bygg - liten og tilpassa det enkle friluftsliv.

På eit bygdemøte tidleg i 2014, fekk BBU i oppdrag å byggja ei ny hytte på Gråhorgjo. Dugnadsarbeidet starta 10. april 2015 og den «nye» hytta vart opna eitt år etterpå, den 10. april 2016. Etter nyopning av hytta, har turaktiviteten tatt seg kraftig opp, og i turboka har meir enn 800 personar skrive seg inn på vel eitt år. Hytta tilbyr overnatting (5 + 2 køyer), kjøkkenkrok, vedomn, hyttedo og kano.

Re-etablering av aure i Krokavatnet vil gi fjellet eit meir variert liv, og det vil vera ein tilleggsverdi for oppleving av Gråhorgjo. Etter kvart vil ny fiskebestand gi grunnlag for fritidsfiske med særleg appell til barn og ungdom, som blir opplært i det enkle friluftsliv med overnattingsturar til Gråhorgjo i regi av 4H og andre.


Erfarne fjellfolk har fortalt at det før i tida var aure i Krokavatnet, men vatnet vart fisketomt som så mange andre fjellvatn på grunn av sur nedbør i førre århundre. Etter at svovelutsleppa har blitt kraftig redusert i nabolanda våre dei siste 20 åra, har tilstanden langsamt betra seg i lokale vassdrag. Nye målingar viser at Krokavatnet har ein pH på 5,7, noko som skulle gi livsvilkår for aure av Dalselvstamma. Vatnet ligg i felleseiga til gardar på Bjoa og Haugsgjerdet i Vindafjord kommune.

Bygdeutviklingslaget har informert om planen for reetablering av aure i vatnet på bygdamøte og på sosiale media, og fått berre positive tilbakemeldingar frå grunneigarar og andre bygdefolk. Nå ønskjer me difor å gjennomføra planen om å reetablera aure i dette fine fjellvatnet. Bekken frå Krokavatnet renn ut i Dalselva, og både i tilkomstbekken og i sjølve elva er det rikeleg med aure. Det går ikkje opp anadrome fiskeslag i Dalselva ovanfor Bakkafossen i Vikebygd. Me tek sikte på å flytta stikling/småfisk frå øvre del av Dalselva, slik at det vil bli den same stamma i Krokavatnet som i det vassdraget fjellvatnet tilhøyrer.

Me har snakka med Vindafjord Jakt-og Fiskelag som vil hjelpa oss med det praktisk innfanging av fisken. Sjølve transporten opp dei 500 høgdemetrane vil skje ved hjelp av dugnad og plastsekker i ryggsekk. Planlagt gjennomføring er våren 2018, og det vil bli bruk for lokale sherpaer til å bera opp fisken.

Foto: Gunnar Dalen

Tips ein venn!
Send eit tips til andre om denne artikkelen ved å fylle ut felta under og trykke på 'Send'
Mottakars navn
Mottakars e-post
Ditt navn
Din e-post
 
Klikk her for utskriftsvennleg versjon


Søk i artikler:

Dei siste artiklane
• 11.10 - Helselagsbasar på torsdag
• 10.10 - Auren tilbake i Krokavatnet - Eit BBU prosjekt
• 02.10 - Bjoa Helselag inviterer til basar
• 24.09 - Visning av Arquebusfilmen, Fagert er landet
• 31.08 - Helselaget inviterer til damekveld med sjokolade
• 18.07 - Bjoa Båtlag inviterer til familiedag
• 03.07 - Hage, familiedag på Bjoa
• 20.06 - Basar
• 30.05 - Velkommen til medlemskveld i Bjoa Helselag
• 13.05 - 17. mai på Bjoa - Program for dagen