Bli medlem
Logg inn
Framsida
Artikkel-arkiv
Kalendar
Fotoalbum
Links

Gjestebok

Legg inn artikkel
Legg inn arrangement
Legg inn annonse

Tilbakemelding/tips

Om Bjoanett

Helselagsbasar på torsdag
Av: Liv-Kari Bødtker  11.10.2017

Torsdag 12. oktober er det igjen klart for Helselagsbasar på Bjoa Helsehus kl 18:30 (ferdig ca kl 21). Dette er høgdepunktet i haustferien for mange fastbuande og feriegjester, og salen har vore proppfull av basarstemning og håpefulle loddkjøparar siste åra!

Martha Andrea Granberg vil opna basaren med fiolinspel før me set i gang med dei fem åresalga. Masse fine gevinstar har me fått både av bedrifter og privatpersonar, og endå meir pleier det "ramla inn" heilt på slutten. Det blir fleire åresal og pause med kaker og saft/kaffi.
Trekning av loddbøkene skjer til slutt.

Herborg Fosse har som vanleg gitt ei herleg dokke med fantastisk heimestrikka garderobe, og Felleskjøpet har gitt oss god pris på stor trøtraktor. I tillegg har me hovudboka med gåvekort frå Ebnes plantesalg på 1.500 kr som hovudgevinst og mange andre flotte gevinstar. Det er høve til å ta lodd i bøkene på basaren.

Viss du ikkje kan komma, så kan du Vippsa pengar til nr 122008, og senda bilde av kvitteringa med namn og kva bok du vil ta nummer i til basargeneral Anita Hansen tlf 909 88 787 (før kl 18 torsdag). Takk!

Velkommen alle!!

Tips ein venn!
Send eit tips til andre om denne artikkelen ved å fylle ut felta under og trykke på 'Send'
Mottakars navn
Mottakars e-post
Ditt navn
Din e-post
 
Klikk her for utskriftsvennleg versjon


Søk i artikler:

Dei siste artiklane
• 11.10 - Helselagsbasar på torsdag
• 10.10 - Auren tilbake i Krokavatnet - Eit BBU prosjekt
• 02.10 - Bjoa Helselag inviterer til basar
• 24.09 - Visning av Arquebusfilmen, Fagert er landet
• 31.08 - Helselaget inviterer til damekveld med sjokolade
• 18.07 - Bjoa Båtlag inviterer til familiedag
• 03.07 - Hage, familiedag på Bjoa
• 20.06 - Basar
• 30.05 - Velkommen til medlemskveld i Bjoa Helselag
• 13.05 - 17. mai på Bjoa - Program for dagen