Eit par lensmannsauksjonar ved Aalundssøen
Av: Ernst Arne Sælevik 19.12.2003

Fra årets Segn og Soge, historiebladet for Ølen og Bjoa, henter vi denne historien, sitat: Før i tida, i «gamle dagar», som i dag, kunne og folk møta opp på ymse auksjonar. Det vere seg dødsbu, konkursbu og andre ting som kunne auksjonerast bort. Dette vart då ein måte å selja varene på. Og å få kontantar i hende. Styresmaktene måtte oftast inn i biletet ved sorenskrivaren. Alt etter omfang og status kunne han gje arbeidet vidare til lensmannen i soknet, som då stod for kunngjering og utføring av oppdraget.

Auction over poteter
Såleis hende det den 31. mai 1862 at lensmann Siur Svendsen Østereide, på sorenskrivar Otte Dahls vegne "indfandt sig på Gæstgiver Stedet Aalundsøen i Fieldbergs Thinglag for at afholde Auction over Poteter der tilhører Helge Larsen Udbioe, som auctionsvidner vare og nevnte, tilsagte og tilspurte Knut Olsen Østereide og Lars Knudsen Klungland."

Den seinare så røynde segljekteskipperen Helge Larsen Utbjoe (18411901) var berre 21 år gamal dette året. Det er vel heller tvilsamt om dette var poteter frå Utbjoa på den tida. Kan hende var han trass i sin unge alder alt no skipper på eiga, eller ei av familien sine jekter. Faren var skipsreiar Lars Helgesen Utbjoe (18211888). Potetene kan han ha handla frå andre potetdistrikt i landet, eller utanlands for den del. Austersjølanda var vanlege leveringsstader for sild. Returlasta kan hende ha vore poteter somme
tider. Og ført for fulle segl til Ølensjøen. Sidan dette hende sist i mai, kan det ikkje ha vore nypoteter, men helst såpoteter som gardbrukarane og folket no hadde fått sansen for. Det skulle syna seg at det kom folk frå mange av gardsbruka i soknet, og vel so det, til Ølensjøen denne dagen. Det må ha vore viktige og etterspurde varer.

Conditioner
"Auctionen er ved Budstikkers omsendelse Bekiendtgiort i Aalunds Sogn, Reqvirenten Helge Bioe var tilstede og blev afforfattet følgende Conditioner," heiter det vidare i auksjonspapira. Seljaren "Helge Bjoa" måtte rimelegvis sikra seg at alt dette gjekk rett føre seg og ikkje måtta rekna med å sitja att med store uventa tap. Slik som mellom anna at rote kunne førekoma på potetene og at ikkje kjøparar kunne betala. Difor desse "Conditionerne" eller vilkåra: Varene vert selde i den stand dei no er, kan straks takast imot og står sidan tilslaget på kjøparen si rekning. Ukjende eller uetter-rettelege bod vert ikkje godteke utan kontant betaling "eller stiller Selvskyldner kontragt og saafremt saa denne skulle blive høystbydende uden at stille for anførte sikkerhet skal det nestbydende bud staa ved magt eller staar det til Indkasalovens valg, arerne paa nyt at opraabe og bortsælge."

Vidare skal auksjonspengane med tillegg betalast innan 1. november til lensmann S. S. Østereide og skriva betalinga til han på Østereide. Skulle endå nokon ikkje ha betalt til rett tid må vedkomande på seks dagars varsel møta for forlikskommisjonen ved Fjelberg Prestagard. Om ikkje det heller gjekk måtte vedkomande på 14 dagars varsel "lide dom" ved Fjelbergs Skibredes Thing utan omsyn til kva tilstand kjøparen måtte vera i.

Harde bod, med andre ord. Difor var det kan hende og dei kjøparane som såg seg mest syn med betalinga som ropa boda fram til lensmannen.
Ein kan og leggje merkje til at sidan betalingsfristen var så seint som 1. november, var nok potetåkeren spadd opp for lengst og noko av avlinga kunne seljast for å betala såpotetene.

Godt frammøte
Etter frammøtet å døma har det vore livleg på bryggja i Ølensjøen denne dagen då folk kom frå heile soknet for å sikra seg «så» i åkeren. Til saman slo lensmannen hammaren i bordet for 319 skjepper poteter. Godt over 50 personar handla alt frå ei til fjorten skjepper.

I det etterfylgjande vil ein lista opp kjøparane som tok del i auksjonen. Eindel lesarar vil kan hende finne nokon av forfedrene sine mellom desse namna. Då veit ein truleg kva dei nytta akkurat denne vårdagen til i det Herrens År 1862. Namna er attgjevne slik dei vart skrivne i 1862 og talet attom fortel kor mange skjepper poteter dei baud på.

Kittel Baarsen Lien 4
Siri Tollevsdatter Heggebøe 4
Simon Øreland 4
Osmund og Erik Øsbøe Sandeid 14
Torbjørn T. Skeie 4
Knud T. Søndenaa 7
Nils Jørgensen Stumo 7
Halvor Jørgensen Haugeland 7
Torres R. Kolbenshaug 4
Tjæran G. Mæland 4
Ales Haugeland 1
Halvar Hagtorsen Mæland 14
Nils Nilsen Mæland 7
Endre Tronsvold 9
Johannes Hansen Helgevold 7
Godskalk Olsen Heggen 4
Tommas Steinsland 4
Torbjørn R. Nærem 7
Aad Egenæs 7
Søren Osvaag 4
Tommas Søndenaa 14
Toral Søndenaa 4
Østen Mæland 14
Fredrik Mæland 7
Johannes H. Helgevold 7
Ole Sande 8
Gunder Døreim 8
Tjæran Skeie 4
Knud Søndenaa 2
Torkel Strand 7
Andreas Osvaag 7
Nils Abelsen Stølen 4
Aanen Østebøe 14
Bærenthad Vestbøe 4
Hans Berget 14
Jacob Skeie 7
Gudmon Duberg 5
Iver Berge 4
Ole Vaagen 4
Lars og Anton Espeland 3
Iver Olsen Espeland 6
Karsten Haldorsen Osvaag 12
Østen Stumo 4
Johannes Torgersen Øreland 1
Johannes Thorsen Leite 7
Nils Træ Næreim 4
Johannes Gedrevig 7
Nils Torresen Ryen 7
Mikkel Eriksen Helland 7

En fustage Bayerøl!
Nokre år seinare, i 1883, fann det stad ein annan auksjon på bryggja i Ølen. Det var nok dei meir velsituerte som no møtte opp. Ikkje var det noko livsnaudsynt for almugen som skulle ropast opp heller.
Den fylgjande auksjonskunngjeringa var "Læst fra Aalunds Kirkebakke og et ligelydende opslaaet paa Landhandlerstedet Aalundssøen."

Kunngjeringa lydde soleis:
"Auktion. Mandag 2den Juli d.a. Kl. 4 Efterm. Bliver Auktion at holde paa Lensmandens Søhus ved Aalundsøen, over 1 Fustage Bayerøl, indkommet til Huglerøen som Vraggods. Det bemerkes at Øllet kan i Tilfelde blive solgt i Ankervis. Konditionerne erfares ved Auktionen.
Fjelbergs Lensmandsktr. 18de Juni 1883. Paa Sorenskriverens Vegne,
A.Boxnes."

Så vart auksjonen halden 2. Juli. Som vitner var Michael Boxnes og Johannes Øvrevik møtt fram. Denne "Fustasjen", eller eit stort fat med Bayerøl frå Lande Bryggeri var funnen på rek i sjøen i Tveitevågen ved garden Tveit på Sørhuglo. Søre luten av Huglo høyrde den gong inn under lensmannen i Fjelberg. Dette vart så meldt frå om til han. Ein fustasje er eit tett samlekar til å forvara og transportera ulike mengder væske i. Med andre ord ei tønne eller
eit fat. Lensmannen opplyste at han for "Omkostningernes Skyld har foranlediget Fustagen hidsendt med Dampskibet Søndhordland i dag her til." Vilkåra for salet var mykje det same som for den før omtala potet auksjonen.

Noko for "Liebhabere"
Lensmannen opplyser også fylgjande: "Da flere Liebhabere ønskede Øllet solgt i mindre Dele og da intet antageligt Bud var at opnaa for Alt underet, besluttede Lensmanden at bortsælge samme i Ankervis eller 40 litervis." Og slik vart det. Den første "liebhaberen" som fekk tilslaget på eit 40 liters anker med Bayerøl frå Lande Bryggeri var lensmann Boxnes sjølv til kr. 5,70. Denne 40-literprisen heldt seg utover i auksjonen.

Dei andre som fekk tilslag var:
40 liter Endre Heggen og Ole D.Gjerdevik
40 liter Alf Hamre og Godskalk Hamre
40 liter Rasmus, Sten og Steffen Nerheim
40 liter Lensm. Boxnes
40 liter H. Heggelund
40 liter Joh. Øvrevik og Bager Hauge
60 liter Aanen S.Ulvenæs
30 liter Lensm. Boxnes
40 liter Tollef Hamre
26 liter (Resten) Jacob Gabrielsen

Tel ein i saman desse literane kjem ein fram til 436 liter. Reknar ein då inn litt "svinn", til dømes noko prøvesmaking for å testa at innhaldet var rein vare og ikkje skjemd på noko vis, kan ein rekna med at denne "Fustagen" på rek inneheldt noko slikt som om lag 440450 liter.

Kjelder: Statsarkivet, Auksjonsdokument.

Bilete frå boka Bård Kolltveit: HSD Over Fjord og Fjell. Om lag slik såg D/S Søndhordland ut i 1880-åra, då båten gjekk i fast rute mellom Bergen og Sunnhordland.