Turtipset - Gråhorga
Av: Ingrid Steinsland 23.10.2004

Gråhorga - eller Gråhorjo - er eit av dei høgaste fjella i distriktet med sine 740 m.o.h. og er vel verd ein tur!

I klarvêr kan ein oppleva eit fantastisk panorama. Det vert sagt at når ein står på toppen kan ein sjå sju kyrkjer og det kan nok stemma.
Sidan Gråhorjo ligg inne i fjellområdet mellom Bjoa og Ølensvåg, kan den sjølvsagt nåast frå mange kantar, folk går opp frå både frå Ølensvåg, Vaka, Haugsgjerdet og Bjoa.

Det er fleire vegval når ein går opp frå Bjoa, her er tre av dei:

Den vanlegaste og eldste vegen startar frå Leite. Då tek du av i krysset opp mot Dalsbruket og køyrer på kommunevegen ca 300 m. Her er det råd å parkera ved vassverket sitt reinseanlegg, og det står skilt der stien tek til. Denne er merka og går først til nordenden av Bjoavatnet der den går langs vatnet eit stykke før den deler seg og stigninga byrjar. Du ser etterkvart Husafjedlet over deg til venstre, og når du er komen forbi det, dreiar stien mot nord og opp gjennom Roaldskard til ein er nesten på høgd med dette fjellet. Då svingar stien seg opp mot høgre gjennom eit lite gjel og ein kjem inn på Legdo og litt etter Heio der skoggrensa går og utsikta nordover tek til.

Svalesteinen kjem etterkvart til syne, den har nok med sine hildrar vore eit godt skjul for folk og fe som har tronge ei kvil i ruskevêr i tider då lokalt fjellbeite var nødvendig. Litt etter svingar stien opp eit lite brot mot venstre, og når ein kjem opp flatar fjellet ut.

Ei lita tjørn, Hetlandstjørna, dukkar opp og litt etter Krokavatnet med ei lita hytte i nordenden. Nå ser du og sjølve Gråhorjo og kan velja om du vil dreia til venstre og gå opp frå nordsida eller om du vil gå langs Krokavatnet og opp dalen frå sør.

Hytta som vart bygd under krigen av nokre ungdommar, er ein naturleg samlingsplass der folk skriv seg inn i hytteboka og rastar på veg opp til varden.

Den nyaste vegen er merka i sommar og går opp frå skogsbilvegen mellom Eikås og Ølensvåg. Då køyrer ein vidare på kommunevegen til Eikåsbrua der det er parkeringsplass, og følgjer så den nye skogsbilvegen opp til terrenget flatar ut. Det er laga to stikkvegar mot venstre på denne vegen, og frå den andre av desse er det merka sti opp mot fjellet. Første delen går i litt brattlendt skogsterreng, og ein får etter kvart utsikt sør og vestover.

Du kjem opp på fjellet frå sørvest-sida og går då nordover mot Gråhorjo. I dette området kan ein finna spor frå gamle tider: Murane etter Hetlandsbuene vitnar om ein gammal fjellstøl og demninga i sørenden av Krokavatnet viser at vatnet har vore magasin for vasstilførsel til Dalselva i si tid.

Frå Øvrestølen:Då parkerar du på opplagsplassen for tømmer etter om lag 2,5 km på kommunevegen og følgjer den bratte traktorvegen oppover nesten til enden. Der den svingar mot høgre tek du av mot venstre og følgjer myrane nordover og kjem inn på den første ruta der stien svinga nordover Roaldskard.


Foto: Jarle Sandsgård

FAKTA:
Kjøretid: ca 1 t. frå Haugesund
Parkering: Ja (gratis)
Gangtid: ca 2 t
Fiskemuligeheter: Ja
Båt: Nei
Kart:Ølen,blad 1214 III
Tips: Sjå Jarle Sandsgård sine panoramabilder på: www.bjoanett.no > bilder.

Bjoanetts redaktør: Dette turtipset står i Haugesunds Avis sitt nye Lørdagsbilag i dag, 23. oktober 2004. Det var en fryd på en ellers mild og solflyt senoktoberdag å få Bjoalandet rett i mot på Lørdagsbilagets side 26. Takk til Ingrid for informativ tekst, Jarle for fantastisk panorama og Haugesunds Avis for utmerket serie!